Ein tallét, (hebraisk טלֵּית ṭallēt (klassisk) el. טַלִּית ṭallīt (israelsk), fleirtal talletót) er eit jødiskbønnesjal med ein spesiell dusk, sisít, i kvart av dei fire hjørna.
Bruk
Kven brukar tallét?
Skikken for kven som brukar tallét varierer noko:
Gifte jødiske menn
Alle sefardiske og askenasiske autoritetar reknar talléten som obligatorisk for alle gifte jødiske menn.
Ugifte jødiske menn og gutar over 13 år
I sefardisk jødedom blir talléten rekna som obligatorisk for alle jødiske gutar over 13 år. Frå 1900-talet av er dette vorte vanleg i mange moderne askenasiske meinigheiter òg.
Jødiske gutar under 13 år
I sefardisk jødedom er skikken at alle jødiske gutar som er gamle nok til å handsame talléten med respekt har på seg ein tallét i synagogen. I praksis skjer dette frå om lag fem- til sjuårsalderen.
Jødiske kvinner og jenter over 12 år
Det finst fem hovudsyn på bruk av tallét for kvinner og jenter:
Ikkje obligatorisk, men fullt ut tillate, og kvinner seier den spesielle signinga: Rabbénu Tam, Rasjba.
Tillate, men kvinner seier ikkje den spesielle signinga: Rashi, Maimonides.
Forbode for kvinner: Utbreidd syn i nyare askenasisk-ortodokse krinsar.
Ikkje-jødiske kvinner og menn
Rabbanittisk jødedom fråråder i utgangspunktet bruk av tallét for ikkje-jødar.
Kva tid brukar ein tallét?
Talléten blir bruka under bønn, hovudsakleg om morgonen og i nokon grad om ettermiddagen. Ein brukar stort sett ikkje tallét når sola ikkje er oppe, men det finst unntak — sjå nedanfor.
Talléten blir bruka av meinigheita under alle morgongudstenester, og dessutan under ettermiddagsgudstenester av dei som er tildelt ein spesiell misvá — som til dømes alijá. I ein del synagogar brukar alle tallét under ettermiddagsgudstenesta på sjabbát. På jom kippúr brukar meinigheita talletót under alle gudstenestene, inkludert kveldsgudstenesta. Nokre få grupper — først og fremst jemenittiske jødar — har på seg tallét under gudstenesta på fredag kveld.
Skikken varierer for den som leier gudstenesta: I nokre meinigheiter følgjer leiaren den same skikken som meinigheita, og i andre meinigheiter er det skikk at leiaren alltid har på seg tallét.
Ordet tallét
Opphav
Ordet tallét er truleg eit lån frå gresk στολη. (stolē, jrf. latinskstola), men har òg vorte sett i samband med den arameiske rota טלל (ṬLL).
Skrivemåtar
tallét, pl.talletót (klassisk form, i vår tid særleg bruka i samband med sefardim)
talles el. tallis, pl.talleisim (jiddisch form, særleg bruka i samband med askenasar)
telíth, pl.telithóth (jemenittisk hebraisk form)
tallit, pl.tallijót el. tallitót (moderne israelsk hebraisk form)