Sjabu‘ót (frå hebraisk שָׁבוּעוֹת, [šābu‘ōt])), òg kalla vekefesten eller jødisk pinse, er ei jødisk høgtid som finn stad sju veker (49 dagar) etter pesah. På det religiøse planet er sjabu‘ót ei feiring av at jødane tok imot Toráen på Sinaifjellet — men sjabu‘ót er òg ein innhaustingsfest for mellom anna kveite.