Taktekking kan visa til den ytre flata på eit tak som skal verna mot vêr og vind, eller til det å laga ei slik flate. Tak kan heiltekkjast med eitt udelt dekke, eller overlapptekkjast med fleire enkeltdelar som overlappar kvarandre.
Sidan skøytane mellom dei ulike delane alltid vil vera noko opne, må eit tak tekkja med overlappsteknikk ha god helling. Dette gjeld særleg i vêrharde område.
Heiltekking
Ved heiltekking kan ein lima, sveisa eller skøyta material saman slik at dei dannar ein ubroten og vasstett flate. Dette blir særleg nytta på flate eller svakt hellande tak. Asfaltbelegg, metallplater og tjukt kunststoff kan nyttast til heiltekking.