Takaka er ein liten by som ligg i den søraustlege enden av Golden Bay, i nordenden av Sørøya på New Zealand, ved den nedste delen av Takaka-elva. Han ligg ved byrjinga av den svingete vegen som følgjer elvedalen før han klatrar over Takaka Hill, og bind Golden Bay saman med den tettare busette kyststripa i Tasman Bay i søraust.
Jordbruk, skogbruk, muslingoppdrett, kalksteinsbrot og turisme er dei viktigaste lokale næringsvegane. Området kring Takaka er mineralrikt, og gull, jarnmalm, kopar, sølv og asbest finst alle i lokalområdet, men ingen i kommersielt utvinnbare mengder. Området kring Takaka Hill er også kjent for grottesystema som ligg der, med den djupaste vertikale sjakta på New Zealand, Harwood's Hole, i nærleiken. Der er også eit stort Fonterra meierianlegg i Takaka. Dei siste seksti åra har området trekt til seg mange fargerike menneske frå heile verda, som livnærere seg av kunst, kunsthandverk og andre kreative syslar, og som freister skape seg eit godt liv i kontrakt til storsamfunnets ideal om konkurranse og profitt.[treng kjelde]
Byen er også kjend for Te Waikoropupu Springs (eller Pupu Springs), kjeldene som har det klåraste ferskvatnet i verda.[2]
Kjelder
Bakgrunnsstoff