Svend Balthazar Eriksen (fødd 18. august 1854) var ein norsk forretningsdrivar og stortingsmann frå Stavanger.
Eriksen var son til ein garvarmeister og skipsreiar. Han var sjølv garvarmeister i Stavanger, og var dessutan medeigar i firmaet S. Eriksen. Eriksen var medlem av Stavanger bystyre 1895-1904, i fleire år av formannskapet.
I tida 1898-1903 representerte Eriksen valkrinsen Stavanger og Haugesund på Stortinget. Han var medlem av næringskomité nr 2 i den fyrste treårsperioden, sekretær i same i den andre perioden. I den andre perioden var han også medlem av Lagtinget.
Kjelder