Sven Tore Løksild (fødd 8. mars 1984) er ein norsk økonom og politikar frå Arbeidarpartiet.[1]
Han var fylkesordførar i Telemark fylke frå 2015 til 2019, og blei med det den siste ordføraren i fylket før det blei del av Vestfold og Telemark fylke. Den 29. oktober 2019 blei Løkslid vald til fylkesvaraordførar for Vestfold og Telemark medan Terje Riis-Johansen frå Senterpartiet blei fylkesordførar. Før fylkespolitikken var Løkslid ordførar i heimkommunen Hjartdal.
Etter fylkestingsvalet i 2023 blei han vald til fylkesordførar i nye Telemark fylke.[2]
Løkslid var tilsett i Hjartdal og Gransherad sparebank frå 2008 til 2011.[3]
Kjelder
Bakgrunnsstoff