Vestfold og Telemark fylke

Vestfold og Telemark fylke
fylke
Fylkesvåpen
Land  Noreg
Del av Austlandet
Adm.senter Skien (fylkeskommune)
Tønsberg (fylkesmann)
Areal 17 465,92 km²
Folketal 429 101 (1. januar 2023)
Målform nøytral
Statsforvaltar Per Arne Olsen
Fylkesordførar Terje Riis-Johansen (Sp)
Fylkesnummer 38
Kart
Vestfold og Telemark fylke
59°30′N 9°00′E / 59.5°N 9°E / 59.5; 9
Wikimedia Commons: Vestfold og Telemark
Nettstad: https://vtfylke.no/

Vestfold og Telemark fylke er eit tidlegare norsk fylke. Det var sett saman av to geografiske regionar, Telemark fylke og mesteparten av Vestfold fylke. Dei to fylka blei vedtekne slått saman til eitt fylke av Stortinget 8. juni 2017 med verknad frå 1. januar 2020.[1] 14. juni 2022 vedtok Stortinget å løysa fylket opp og gjenopprette Telemark og Vestfold som eigne fylke att den 1. januar 2024.[2]

Fylkesvåpenet til Vestfold og Telemark fylke viser eit gullfarga vikingskip og akantus på raud bakgrunn. Vikingskipet er inspirert av Klåstadskipet.[3]

Fylkesadministrasjonen låg i Skien (fylkeskommunen) og Tønsberg (statsforvaltaren).[4] Per Arne Olsen var statsforvaltar fram til 2022.[5]

Personar som kjem frå Vestfold og Telemark fylke blir kalla for vestfoldingar og telemarkingar/teledøl.

Kommunar

Nr. Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd (km²) Målform[6] Valdistrikt
3801 Horten kommune Horten Horten 000000000000070.370000000070,37 bokmål Vestfold
3802 Holmestrand kommune Holmestrand Holmestrand 000000000000432.3600000000432,36
3803 Tønsberg kommune Tønsberg Tønsberg 000000000000329.2600000000329,26 nøytral
3804 Sandefjord kommune Sandefjord Sandefjord 000000000000433.2700000000433,27 bokmål
3805 Larvik kommune Larvik Larvik 000000000000812.6600000000812,66 nøytral
3806 Porsgrunn kommune Porsgrunn Porsgrunn 000000000000169.6000000000169,60 bokmål Telemark
3807 Skien kommune Skien Skien 000000000000779.2700000000779,27 nøytral
3808 Notodden kommune Notodden Notodden 000000000000918.9100000000918,91
3811 Færder kommune Færder Borgheim 000000000000099.960000000099,96 Vestfold
3812 Siljan kommune Siljan Siljan 000000000000213.8100000000213,81 Telemark
3813 Bamble kommune Bamble Langesund 000000000000304.0300000000304,03
3814 Kragerø kommune Kragerø Kragerø 000000000000305.3800000000305,38
3815 Drangedal kommune Drangedal Prestestranda 000000000001062.78000000001 062,78
3816 Nome kommune Nome Ulefoss 000000000000429.6800000000429,68
3817 Midt-Telemark kommune Midt-Telemark 000000000000518.5100000000518,51 nynorsk
3818 Tinn kommune Tinn Rjukan 000000000002044.93000000002 044,93 nøytral
3819 Hjartdal kommune Hjartdal Sauland 000000000000791.5100000000791,51 nynorsk
3820 Seljord kommune Seljord Seljord 000000000000715.2300000000715,23
3821 Kviteseid kommune Kviteseid Kviteseid 000000000000708.4600000000708,46
3822 Nissedal kommune Nissedal Treungen 000000000000905.1800000000905,18
3823 Fyresdal kommune Fyresdal Fyresdal 000000000001280.59000000001 280,59
3824 Tokke kommune Tokke Dalen 000000000000984.4800000000984,48
3825 Vinje kommune Vinje Åmot 000000000003105.89000000003 105,89
38 Vestfold og Telemark Vestfold og Telemark Skien ' 17 465,92 nøytral Vestfold
Telemark

Kjelder

  1. Løkkebø, Lars (8. juni 2017). «Nå er Telemark og Vestfold slått sammen». Telemarksavisa. Henta 20. august 2019. 
  2. «Stortinget vedtok fylkesoppdeling». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). 14. juni 2022. Henta 2. desember 2023. 
  3. «Om fylkesvåpen», designmanual.vtfk.no, henta 5. desember 2023 
  4. «Fylkesmannen i Vestfold og Telemark». Fylkesmannen i Vestfold og Telemark. 3. januar 2019. Arkivert frå originalen 6. mars 2019. Henta 20. august 2019. 
  5. «Per Arne Olsen blir fylkesmann for den nye regionen». NRK Vestfold. 16. juni 2017. Henta 20. august 2019. 
  6. «Forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar (målvedtaksforskrifta)». Lovdata. 20. desember 2019. Henta 27. desember 2020.