Supporters Range er ei fjellkjede i Antarktis. Ho er 40 km lang og ligg på austsida av Millbreen med Keltiebreen i nord og Mill Stream-breen i sør.[1]
Det fekk dette namnet av New Zealand GSAE (1961-62) fordi fleire toppar i fjellkjeda er kalla opp etter folk som støtta (supporters på engelsk) Nimrodekspedisjonen til Ernest Shackleton (1907-09).[1]
Blant fjella i denne rekkja finn ein Mount Iveagh med ei høgd på 3422 meter over havet. Fjellet ligg på austsida av Beardmorebreen. Mount Iveagh vart opdaga av Nimrodekspedisjonen og kalla opp etter Edward Guinness, 1. jarl av Iveagh.
Kjelder