Det trulege banneret til Storfyrstedømmet Litauen med statsvåpenet, kalla Пагоня på kviterussisk, Vytis på litauisk og Pogoń på polsk
Storfyrstedømet Litauen (litauisk Lietuvos Didžioji Kunigaikštystė , kviterussisk : Вялі́кае Кня́ства Літо́ўскае (ВКЛ) , ukrainsk Велике Князівство Литовське (ВКЛ) , polsk Wielkie Księstwo Litewskie ) var ein austeuropeisk stat som eksisterte i ulike former frå 1200- til 1700-talet .
Storfyrstedømet vart grunnlagt av heidne , baltiske litauarar under første helvta av 1200-talet . Snart femnde riket det tradisjonelle litauiske området attåt store område av det tidlegare Kiev-riket . I stordomstida på 1400-talet omfatta storfyrstedømet det geografiske området til dagens Litauen , Kviterussland , Ukraina , Transnistria og dels Polen og Russland . Ved Krevo-unionen i 1386 vart Storfyrstedømet Litauen tilknytt Kongeriket Polen under Jogaila ved ein personalunion , med ulike former for Polsk-litauisk union . Frå Lublin-unionen i 1569 var storfyrstedømet Litauen ein integrert del av Den polsk-litauiske realunionen (med separate lover , ein hær og ei statskasse) til den siste delinga av denne staten i 1795 .
Litteratur
Rowell, S.C. Lithuania Ascending a pagan empire within east-central Europe, 1295-1345. Cambridge: Cambridge University Press, 1994.
Bakgrunnsstoff