Stephen J. Walton (fødd 16. mai1958 i Leicester) er ein britisk-norsk språkforskar og forfattar. Han er professor i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda og har mellom anna skrive biografiane Ivar Aasens nedre halvdel (1991) og Ivar Aasens kropp (1996). I 2012 debuterte han som skjønnlitterær forfattar med romanenRoadmovie.[1]
Utdanning og arbeid
Walton tok doktorgrad ved University of Cambridge i 1986 med avhandlinga Farewell the spirit craven : Ivar Aasen and national romanticism om Ivar Aasen og nasjonalromantikken. Før det hadde han studert nordisk og tysk ved University College London. Der byrja han sjølv å undervise i 1983 og han vart etter kvart professor i norsk. Frå 1984 underviste han også årleg ved den internasjonale sommarskulen ved Universitetet i Oslo. Frå 1997 var han professor II i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda og frå 2000 har han vore professor i nynorsk skriftkultur og leiar for Ivar Aasen-instituttet ved høgskulen.[2]
Forfattarskap
Walton har skrive to biografiar om Ivar Aasen, Den teksta versjonen om amerikanisering, Skaff deg eit liv! om biografisjangeren og romanen Roadmovie.
Han har også skrive for Klassekampen og Dag og Tid.[3][4]