Steikt flesk er ein tradisjonell middagsrett som mellom anna er kjend frå fleire skandinaviske land. Han er sett saman av pannesteiktefleskeskiver som kan serverast med saus, stappe, stuing, mjølbollar, poteter og grønsaker. Flesket kan òg serverast som tilbehøyr til ulike potet- og fiskeretter. Ein bruker gjerne skiver av lettsalta sideflesk til steikt flesk, men kan også bruka spekeflesk eller bacon.