Steikeomn eller bakaromn er ein omn ein kan bruka til steiking, baking eller grilling av mat. Slike omnar finst i ei rekkje materiale og utformingar, og kan nytta ulike oppvarmingsmåtar, som eld frå ved, kol eller naturgass, eller elektrisk energi. Omnar kan brukast til å laga ulike typar mat som bakverk, steik eller grateng.
Historie
Tidlege omnar blei hovudsakleg laga av stein eller leire. Med den enklaste forma tente ein eld inne i omsrommet og tok ut brenselet før ein let maten koka i varmen som var att. Meir kompliserte omnar hadde ulike rom for brensle og mat, slik at ein kunne regulera varmen betre.[1]
Utgravingar frå Indusdalkulturen har funne døme på mursteinsomnar med eitt rom av same type som tandoromnar som er kjende frå seinare tid.[2] Tidlege egyptiske omnar var sylinderforma med smalnande toppar, laga av leire frå Nilen. Inni var dei delte i to med eit eldrom nedst og eit bakerom øvst. Deig som skulle steikast blei sett i bakerommet gjennom eit hol i toppen.[3]
I Europa i mellomalderen kunne ein ha kommunale omnar der folk på staden leverte brød til steiking. I Noreg kunne større gardar ha eldhus eller bryggarhus med bakaromn, medan ein på mindre gardar steikte i gruer og på takke. Bakaromnar blei vanlegare på Sørlandet og Austlandet frå rundt 1700.
Frå midten av 1800-talet kunne mindre bruk laga ein eigen bakaromn utandørs om dei ikkje hadde eige bryggarhus.[4]
Etterkvart blei det vanlegare med omnar som del av ein komfyr som ein også kunne steika oppå. Desse kunne lagast av støypejarn og etterkvart stål.[5] Vedkomfyrar med steikeomn blei fyrst utvikla på byrjinga av 1800-talet. Med desse hadde ein betre kontroll på varmen enn før. I slutten av hundreåret blei det vanleg å ta i bruk gass i byane, og frå rundt 1900 kunne ein også bruka elektrisitet.[6]
I løpet av 1900-talet tok omnar ein varma opp elektrisk eller med gass i stor grad over frå ved- og kolomnar.[5]
Utvikling av omnar med termostat og ulike innstillingar for temperatur og vifte gav brukaren endå betre kontroll.[7]
Store industrielle steikeomnar blei utvikla frå slutten av 1800-talet. Slike omnar hadde oppvarmingsrom som blei varma med kol eller damp, og bakerom som var skilde frå dampen og røyken. Desse kunne baka store mengder bakverk effektivt og utan avbrot.[8]