«Steam» er den andre singelen til Peter Gabriel frå albumet Us i 1992. Singelen nådde 10. plass på den britiske salslista og 32. plass på Billboard Hot 100 i USA. I USA nådde han dessutan førsteplassen på Modern Rock Tracks-lista.
Peter Gabriel har sagt at songen handlar om eit forhold der kvinna er sofistikert, smart og danna, og veit alt om alt, medan mannen ikkje veit noko, utanom at han veit alt om kvinna, medan kvinna ikkje veit noko om seg sjølv.[2][3]
Ein alternativ versjon av songen heiter «Quiet Steam» og var B-sida på singelen «Digging in the Dirt». Det er eit langt rolegare opptak av denne songen. På konsertalbumet Secret World Live vert «Quiet Steam» spelt omkring eitt minutt før «Steam» startar.
Musikkvideoen til songen fekk ein Grammypris i 1994 for beste musikkvideo.
Innhald
- «Steam (LP version)» – 6:02
- «Games Without Frontiers (Massive-DB mix)» – 5:19
- «Steam (Oh, Oh, Let Off Steam mix 12)» – 6:44
- «Steam (Oh, Oh, Let Off Steam mix dub)» – 5:44
Medverkande
Salslister
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|
---|
Studioalbum | |
---|
Konsertalbum | |
---|
Filmmusikk | |
---|
Samlealbum | |
---|
Tyskspråklege album | |
---|
Anna | |
---|