Peter Gabriel er det tredje soloalbumet til den engelske rockemusikaren Peter Gabriel, gjeve ut 23. mai 1980 på Charisma Records. Albumet vert rekna som det kunstnariske gjennombrotet til Gabriel som soloartist og sette han på kartet som ein av dei mest ambisiøse og nyskapande musikarane i rocken.[15] Gabriel utforska meir tydeleg politisk materiale me to av sine mest kjende singlar, antikrigssongen «Games Without Frontiers» (som nåde fjerdeplassen i Stobritannia) og anti-apartheid-songen «Biko», som minnast drapet på aktivisten Steve Biko.
I USA vart albumet kalla Peter Gabriel III. Albumet vert ofte berre kalla Melt etter plateomslaget til Hipgnosis. På strøymetenester vert albumet no kalla Peter Gabriel 3: Melt.
Detaljar
Den tidlegare bandkollegaen til Gabriel, Phil Collins, som tok over som vokalist i Genesis etter Gabriel, spelte trommer og syng korvokal på fleire av songane på albumet. Collins spelte trommer på «Intruder», som skal vere første gongen det vart nytta «gated reverb» som effekt på trommene. Denne effekten vart skapt av Steve Lillywhite, Collins og Hugh Padgham,[16] og vart nytta på Collins og Genesis sine innspelingar gjennom 1980-åra. Den særeigne lyden kom til via eksperiment av Lillywhite, Collins og Padgham då Gabriel kravde at verken Collins eller Jerry Marotta fekk bruke cymbalar på albumet. Gabriel sa: «Artistar som får fullstendig fridom døyr ein frykteleg død. Så, når du seier til dei kva dei ikkje kan gjere, så vert dei kreative og seier 'Åh, jo det kan eg', som er årsaka til at eg ikkje tillet cymbalar. Phil tok det bra. Marotta protesterte og det tok ei tid før han aksepterte det. Det er som å vere høgrehendt og så måtte skrive med venstrehanda.»[17]
Lyden var så signifikant og innverknadstung at både Gabriel, Padghm, Collins og Lillywhite har påstått det var deira ide. Public Image Ltd omtalte lyden som ei inspirasjonskjelde for albumet deira The Flowers of Romance,[18] der lydteknikaren var Nick Launay, som igjen arbeidde med Collins på det første soloalbumet hans, Face Value.[18]Paul Weller, som spelte med bandet sitt The Jam i eit nærliggjande studio, spelte gitar på «And Through the Wire». Gabriel meinte den intense gitarstilen til Weller var perfekt for sporet.
Albumet var produsert av Gabriel og Lillywhite og var det første og einaste albumet til Gabriel på Mercury Records i USA, etter at det vart avvist av Atlantic Records, som distribuerte dei to første soloalbuma til Gabriel og dei siste to albuma til Genesis. Då A&R-mann John Kalodner fekk høyre dei tidlege miksane av albumet i 1980, meinte han at det ikkje var kommersielt nok til å at dei kunne gje det ut og råda selskapet til kvitte seg med Gabriel. Då albumet sidan kom ut på Mercury fleire månader seinare, forstod Kalodner, som no arbeidde for det nyoppretta Geffen Records at han hadde gjort ein feil og fekk Geffen til å signere ein kontrakt med Gabriel.[19] Geffen gav ut albumet på ny i 1983 og har marknadsført det i USA sidan den gong.
«I Don't Remember» vart framført på turneen til Gabriel i 1978 for det andre albumet hans.[20] Ein tidlegare studioversjon var A-sida til den første singelen som kom ut før albumet på Charisma i Europa og Japan, men ein sjef i Charisma meinte at gitarsoloane til Robert Fripp ikkje var radiovenlege. Denne tidlegare versjonen hamna som B-sida til singelen «Games Without Frontiers» i staden. Denne versjonen har så langt ikkje kome ut på CD. Albumversjonen av denne songen kom ut på A-sida av ein 12" singel i USA og Canada.
Gabriel oppsummerte på spøk albumet som «Historia om eit sinn i forfall». Han la til: «Sinnstilstanden var definitivt noko eg interesserte meg for då eg skreiv albumet, men eg hadde ikkje planlagt det som eit konsept. Det var berre forskjellige songar, som kanskje alle hella same vegen.» Om «No Self Control» sa han: «Det er noko eg observerte i meg sjølv og andre folk. I ein depresjonstilstand må du skru på radioen, eller fjernsynet, gå til kjøleskåpet og ete, og sove er vanskeleg.»[21]
Plateomslag
Fotografiet vart teken av eit Polaroid SX-70-kamera. Designaren av omslaget, Storm Thorgerson sa: «Peter sjølv slo seg saman med oss i Hipgnosis for å deformere seg sjølv ved å manipulere polaroidbilete medan dei vart 'framkalt' ... Peter imponerte oss stort med korleis hans var på ein lite smigrande måte, og føretrekte det teatralske eller kunstnariske føre det kosmetiske.»[22]
Mottaking
I 1989 vart albumet rangert på 45. plassen på lista til Rolling Stone over dei 100 beste albuma frå 1980-åra.
I 2000 rangerte magasinet Q albumet på 53. plassen på lista si over dei 100 beste britiske albuma. I 2006 plasserte Q albumet på 29. plassen på lista si over dei 40 beste albuma frå 1980-åra.[23]
Ein deutsches Album kom ut i juli 1980 som ein tyskspråkleg versjon av Peter Gabriel. Alle songane var spelte inn på nytt att, ikkje berre den tyske vokalen til Gabriel. To år seinare gav Gabriel ut Deutsches Album (1982), ein heilt annleis versjon av det fjerde albumet, Peter Gabriel (1982) (òg kjend som Security). I februar 1980 vart tyskspråklege versjonar av «Games Without Frontiers» og «Here Comes the Flood» gjevne ut på singel i Tyskland. Den tyske teksten var skriven av H. Konigstein.[24]
Side ein
Nr.
Tittel
Lengd
1.
«Eindringling»
5:00
2.
«Keine Selbstkontrolle»
4:00
3.
«Frag mich nicht immer» (kombinerer den instumentale «Start» med den tyske versjonen av «I Don't Remember».)
6:04
4.
«Schnappschuß (Ein Familienfoto)»
4:26
5.
«Und durch den Draht»
4:28
Side to
Nr.
Tittel
Lengd
6.
«Spiel ohne Grenzen»
4:07
7.
«Du bist nicht wie wir»
5:32
8.
«Ein normales Leben»
4:21
9.
«Biko]»
8:55
Medverkande
Peter Gabriel – solovokal (alle utanom 3); korvokal (1, 5, 8); piano (1, 4, 5, 6, 8, 9, 10); synthesizer (3, 4, 7, 8); trommerytme (10); plystring (7)
↑«Peter Gabriel: Peter Gabriel 1: 'Car' / Peter Gabriel 2: 'Scratch' / Peter Gabriel 3: 'Melt' / Peter Gabriel 3: 'Ein Deutsches Album' / Peter Gabriel 4: 'Security' / Peter Gabriel 4: 'Deutsches Album'». Q (352). November 2015.
↑Thomson, Graeme (November 2015). «Peter Gabriel: Peter Gabriel 1 ('Car') / Peter Gabriel 2 ('Scratch') / Peter Gabriel 3 ('Melt') / Peter Gabriel 4 ('Security')». Uncut (222): 88–89.
↑Wade, Dorothy and Justine Picardie (1990). Music Man: Ahmet Ertegun, Atlantic Records, and the Triumph of Rock 'n' Roll, Norton, ISBN 0-393-02635-3, pp. 247-249.