Albumet kom ut same året som det førre albumet deira, Babe Ruth. Alan Shaclock, som hadde vore produsent, gitarist og hovudlåtskrivar i bandet sidan starten av, slutta etter innspelinga av det førre albumet for fokusere på ein karriere som produsent, og Bernie Marsden frå gruppa Wild Turkey kom med som ny gitarist. Etter dette albumet slutta songaren og frontkvinna Janita Haan og bassisten Dave Hewitt.
Allmusic gav albumet tre av fem stjerner og skreiv «når dei held seg til stramt strukturerte og overdriven gitarrock, høyrest Babe Ruth verkeleg bra ut.»[1]