Stangvik kyrkje er ei langkyrkje frå 1897 i Surnadal kommune i Møre og Romsdal. Ho vart restaurert i 1932, då ein tok i bruk gamalt inventar frå den tidlegare krosskyrkja på staden. Kyrkja har 530 sitjeplassar.
Det er kyrkjegard ved kyrkja. Prestegarden er like aust for kyrkja.