St. Govan's Chapel er eit kapell ved St. Govan's Head i Pembrokeshire sør-vest i Wales.
Kapellet er bygd inn til ei kalksteinsklippe, og bygningen har mål på ca. 6,1 x 3,7 meter med vegger bygd av kalkstein, og består berre av eit rom.[1]
Størstedelen av kapellet vart bygt på 1200-talet, sjølv om delar av det moglegvis kan vere eldre og stamme frå det 500-talet, då munken Govan flytta inn i ei hòle der kapellet no ligg. Ei legende vil ha det til at heilage Govan er gravlagd under altaret til kapellet, som ligg i austenden av bygningen.[2] Inngangen er via ei dør i nordenden, låge steinbenkar gårlangs nord- og sørveggane, og det er eit tomt oppheng for ei klokke i vestenden.[3] Ein rekner med at skifertaket er av nyare dato samanlikna med resten av bygningen.[3]
Bygningen er tilgjengeleg frå toppen av klippene ved å klatre ned 52 trappetrinn,[4] sjølv om turistaktørar gjerne spreier myten om at det er ulike tal trinn opp og ned om ein tel.[5]
Bygningen vart verna med såkalla Grade I status 2. august 1996. I dag ligg bygningen innanfor skytefeltet til det britiske forsvaret Castlemartin East Firing Range, noko som avgrensar tilgjenget til bygningen når skytefeltet er i bruk og stengt for allmugen.
Kjelder
- ↑ The Beauties of England and Wales, or, Delineations, topographical, historical, and descriptive, of each county, Volume 18. 1815. s. 805.
- ↑ «St Govan's Chapel».
- ↑ 3,0 3,1 «St Govan's Chapel». Coflein. Royal Commission on the Ancient and Historical Monuments of Wales.
- ↑ An Inventory of the Ancient Monuments of Wales and Monmouthshire: VII - Country of Pembroke. His Majesty's Stationery Office. 1925. s. 21.
- ↑ «St. Govan's Head - Walk 6» (PDF). Pembrokeshire Coast National Park. Arkivert frå originalen (PDF) 27. september 2013. Henta 28. juni 2014.
Bakgrunnsstoff