Mende, også kalla boumpe, hulo, kossa og kosso, er eit nigerkongospråk i mandespråkgruppa[2] som blir snakka av mendefolk i Sierra Leone og Liberia og elles blir brukt som handelsspråk (lingua franca) i regionen. Det har rundt 1,5 millionar talarar i Sierra Leone og oppimot 20 000 talarar heilt vest i nabolandet Liberia. Dei viktigaste dialektane i språket er kpa, ko, waanjama og sewawa.[1]
Mende er eit SOV-språk og eit tonespråk med fire tonar.[2]
Skrift
Språket kan skrivast med latinske bokstavar eller mendeskrift. Sistnemnde blei utvikla av skreddaren Kisimi Kamara i 1921 som ei stavingsskrift han kalla kikakui. Skrifta blei vidspreidd ei stund, men gjekk så tilbake for latinske bokstavar, som erstatta henne.[3] Bibelen blei omsett til mende og gjeven ut i 1959 med latinske bokstavar.
Mendealfabetet med latinsk-baserte bokstavar er: a, b, d, e, ɛ, f, g, gb, h, i, j, k, kp, l, m, n, ny, o, ɔ, p, s, t, u, v, w, y.[4][5]
Mende har sju vokalar: a, e, ɛ, i, o, ɔ og u.[6][7]
Fonologi
Konsonantar
Vokalar
[8]
På film
Mende blei mykje brukt i filmane Amistad og Blood Diamond. Det var emne for dokumentarfilmen The Language You Cry In.
Døme
- Talord[2]
- itá - 1
- feleé - 2
- sawaá - 3
- náâni - 4
- lɔɔlu - 5
- wɛita - 6
- wɔfeela - 7
- wáyâkpa - 8
- táluu - 9
- puú - 10
- Artikkel 1 frå Menneskerettsfråsegna
- 1. Ngayilii ye ngilei
- Numuvuisia kpɛlɛɛ ta ti le tɛ yɛ nduwɔ ya hu, tao ti nuvuu yei kɛɛ ti lɔnyi maa hɛwungɔ. Kiiya kɛɛ hindaluahu gɔɔla a yɛlɔ ti hun. Fale mahoungɔ ti ti nyɔnyɔhu hoi kia ndeegaa[2]
- Artikkel 1
- Alle menneske er fødde til fridom og med same menneskeverd og menneskerettar. Dei har fått fornuft og samvit og skal leve med kvarandre som brør.
Kjelder
- ↑ 1,0 1,1 Ethnologue
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 «Mende Language - Structure, Writing & Alphabet - MustGo». Henta 13. juni 2022.
- ↑ Unseth, Peter. 2011. Invention of Scripts in West Africa for Ethnic Revitalization. I The Success-Failure Continuum in Language and Ethnic Identity Efforts, red. Joshua A. Fishman og Ofelia García, s. 23-32. New York: Oxford University Press.
- ↑ Coble, Scott. n.d. "Mende." AboutWorldLanguages.com (vitja 8. oktober 2014)
- ↑ «Langue : mende». Systèmes alphabétiques des langues africaines. Arkivert frå originalen 4. februar 2018. Henta 14. februar 2019.
- ↑ A Mende Orthography Workshop: Ministry of Education, Freetown, January 21-25, 1980
- ↑ Pemagbi, Joe. 1991. "A guide to Mende orthography." SLADEA.
- ↑ Dwyer, David James (1969). Consonant Mutation in Mende. Michigan State University.
Bakgrunnsstoff