Tigre (tidlegare skrive tigré)[2] er eit semittiskspråk som blir snakka i vestre Eritrea og nordaustre Sudan av over 1 million menneske. Det er i nær slekt med tigrinja, og stammar som dette frå geez. Tigrefolka som snakkar språket er tradisjonelt husdyrnomadar, og dei fleste er muslimar.
Tigre blir i dag skrive med geez-skrift, men brukte tradisjonelt arabisk skrift. Tigre har hatt nær kontakt med arabisk gjennom tidene, og har fleire arabiske lånord enn andre etiopiske semittiske språk.[3]