Med eit areal på 49,8 km² er ho den fjerde største av Orknøyane etter The Mainland, Hoy og Sanday.[2]
Den største landsbyen på South Ronaldsay er St Margaret's Hope, den tredje største busetnaden på Orknøyane. Han er kalla opp etter Margrete av Skottland, arvingen til den skotske trona som døydde då ho var sju år gammal på Orknøyane.[3] eller kanskje St. Margaret av Skottland. Landsbyen har eit lite smedmuseum og er kjend for den årlege Boys' Ploughing Match. Under denne konkurransen speler unge jenter kledd i mørke jakker hestar og unge gutar brukar små plogar til å konkurrere mot kvarandre i å ploge furer i sanden.[1]
Det høgaste punktet på øya er Ward Hill på 118 meter over havet. Dette namnet vert ofte nytta om dei høgaste punkta på dei forskjellige Orknøyane og kjem av at dei vart nytta som vardar i eldre tider.[4]
Historie
Øya er kjend for gravkammeret frå yngre steinalder, populært kalla Tomb of the Eagles (ørnegrava). Ho vart oppdaga av Ronald Simison i 1958 søraust på øya. Det vart funne 16 000 menneskebein og 725 fuglebein på staden, hovudsakleg frå havørner. Grava vart nytta kontinuerleg i over 1000 år.[5][6]
I 1627 vart det registrert ni kapell på øya.[7] På 1800-talet nøyt økonomien på øya godt av sildeindustrien.[8] og St Margaret's Hope vart handelssenteret i South Isles. I 1890 var det 20 butikkar og 18 handelsmenn her.[3]
I 1991 vart øya råka av skandale med falske anklagar om barnemisbruk og sataniske ritual. Ni born vart tekne frå familiane sine av politi og sosialarbeidarar, men saka vart stoppa i retten då ein fann ut at sosialarbeidarane hadde nytta uortodokse avhøyrsteknikkar for å tvinge tilståingar ut av borna, som alle nekta misbruk.[9]