Marie-Sophie Germain (1. april1776–27. juni1831) var ein fransk matematikar. Ho kom blant anna med viktige bidrag innanfor felta talteori og differensialgeometri. I tillegg til virket som matematikar var Germain òg filosof og fysikar, og gav blant anna ut det filosofiske verket Considérations sur l'état des science sine eit de lettres.
Då det var vanskeleg med utdanning for kvinner på 1800-talet var Germain stort sett sjølvlærd. Mykje av kunnskapen sin fekk ho gjennom korrespondanse med mange av dei største matematikarane på den tida, mellom anna Carl Friedrich Gauss og Joseph Louis Lagrange. Germain brukte pseudonymet «Le Blanc» i brevvekslinga.