Solomon Okoronkwo (fødd 2. mars 1987) er ein nigeriansk fotballspelar.
Okoronkwo vart oppdaga i 2004-av FIFA-agenten Marcelo Houseman, som tok han med til Hertha Berlin i Tyskland. Han vart verande i Berlin frå 2005 til 2008. Hausten 2006 fekk han lite speletid hjå Hertha, og vart difor lånt ut til nedrykningstruga Rot-Weiss Essen i 2. Bundesliga for å få kamptrening. I august 2008 selde Hertha han for om lag 1,4 millionar euro til Saturn i den russiske eliteserien, der han skreiv under ein kontrakt for to og eit halvt år. Saturn gjekk konkurs i januar 2011. Okoronkwo hamna då i Ålesund.
I 2011-sesongen spelte han i angrep for Aalesund i den norske Eliteserien. Han debuterte i Tippeligaen i andre serierunde i 2011, borte mot Vålerenga
I oktober 2004 anbefalte agenten han til Nigeria sin U20-landslagstrenar, og Okoronkwo vart ein viktig spelar for Nigeria under kvalifiseringa til Den afrikanske ungdomsmeisterskapen i Benin i 2005. Han var òg med på U23-landslaget som tok sølv i OL i Beijing i 2008. Han vart teken ut til A-landslagstroppen første gong i oktober 2008.
Kjelder
Fotnotar
- ↑ Norsk og internasjonal fotballstatistikk