Slaget ved Bassignana vart utkjempa under det italienske felttoget i den austerrikske arvefølgjekrigen den 27. september 1745. Resultatet vart siger til den samla armeen til Frankrike og Spania mot Austerrike og Kongedømet Sardinia.
Den fransk-spanske armeen klarte til slutt å slå saman armeane sine i Italia etter eit to år langt felttog, og vann gjennom ein manøver som narra 25 000 austerrikske troppar til å flytte seg mot Piacenza slik at den sardinske armeen vart isolert. Sardiniarane vart så overvelda og slått.
Slaget ved Piacenza året etter vart eit nederlag for Frankrike og Spania og effekten av Bassignano forsvann.
Kjelder
Bakgrunnsstoff