Verdsmeisterskapen på skeiser 2000 i firkamp vart avvikla i Milwaukee i USA 5. og 6. februar. 24 kvinner og like mange menn frå 11 ulike land deltok i meisterskapen.
Nederlendaren Gianni Romme og tyske Claudia Pechstein vart begge verdsmeister for fyrste gong. Romme var bestemann på dei to lengste distansane, Pechstein sigra på 3 000 meter. Choi Jae-bong frå Sør-Korea gjekk fortast av alle på 500 meter og Ådne Søndrål vann 1500-meteren. I kvinneklassa vann norske Edel Therese Høiseth 500 m, japanske Maki Tabata 1500 m og tyske Gunda Kleemann 5 000 meter.
Dei fem norske deltakarane vart nummer 10: Ådne Søndrål, 15 Eskil Ervik, 19 Edel Therese Høiseth, 20 Petter Andersen og 24 Ellen Kathrine Lie.