Skapar eller skapargud er ein gud som er rekna som årsak til at verda og livet eksisterer. I monoteisme er den eine guden ein tilber ofte òg skaparen. I andre tradisjonar kan fleire guddomar stå for ulike delar av skaparverket.[1]
Abrahamittiske religionar
Jødedommen
Skapingssoga i Bibelen er del av både jødedommen og kristendommen.[2] Soga er danna av to forteljingar som utgjer om lag to kapittel i Fyrste mosebok. I den fyrste av desse skapar Elohim (den hebraiske nemninga for Gud) himmelen, jorda, dyra og menneskja på seks dagar, og signar og kvilar på den sjuande dagen (den bibelske sabbaten). I den andre historia skapar Gud, som no blir omtalt med det personlege namnet JHVH, den fyrste mannen, Adam, av støv og set han i hagen i Eden, der han blir gjeven herredøme over dyra. Eva, den fyrste kvinna, blir skapt frå Adam som ein make til han.
Kristendom
Kristendommen har den same skapingssoga som jødedommen. Uttrykket Skaparen blir brukt i bibelvers som i Peters første brev 4:19, «Difor skal dei som lid etter Guds vilje, overgje si sjel til den trufaste Skaparen og gjera det gode.»[3][4]
Islam
I islam er Gud, kjend på arabisk som Allah, den allmektige og allkunnige skaparen, oppretthaldaren, fastsetjaren og dommaren over universet. Skapinga blir sett på som ei handling av gudommeleg val og medynk, med eit stort føremål: «Og Me skapte ikkje himmelen og jorda og det imellom som leik.»[5] I staden er føremålet for menneskja å bli prøvde: «Den som skapte døden og livet, slik at Han kan prøva dykk for kven av dykk som er best i gjerning. Og Han er den All-mektige, den Ofte-tilgjevande.»[6] Dei som står prøven blir løna med Paradis: «I sanning, for dei rettvise, vil det koma ei oppfylling av ønske.»[7]
Ifølgje muslimsk lære finst Gud over sjølve himmelen og skaparverket. Koranen seier: «Han er det som skapte for dykk alt som er på jorda. Så steig han opp mot himmelen og skapte dei sju himlane og han er den allkjendane av alt.»[8]
Islam lærer at Gud som er nemnd i Koranen er den einaste guden, og den same guden tilbeden innan andre abrahamittiske religionar som kristendommen og jødedommen.
Innan bahai er Gud det uforgjengelege, uskapte vesenet som er kjelda til alt tilvere.[13] Han er skildra som «ein personleg Gud, ukjenneleg, utilgjengeleg, kjelde for all openberring, evig, allkjennande, allestadsverande og allmektig».[14][15] Sjølv om han er transcendent og ikkje direkte tilgjengeleg, er biletet hans spegla i skaparverket hans. Føremålet med skaparverket er for dei skapte å kunne kjenna og elska skaparen sin.[16]
Mandeismen
I mandeismen er Hayyi Rabbi (bokstaveleg 'Det store livet'), eller 'den store levande Gud',[17] høge guden som alt strøymer frå. Han er også kjend som 'Det fyrste livet', sidan etter skapinga av den materielle verda fløymde Yushamin frå Hayyi Rabbi som «Det andre livet».[18] Ifølgje mandeisk lære skapte Hayyi Rabbi allverda, sjeler og menneskja[19] Mandearar reknar Gud for å vera evig, skaparen av alt og den einaste som ikkje har nokon make.[20]
Atenismen
Atenismen blei skipa av farao Akhenaten og dronning Nefertiti rundt 1330 f.Kr., under Det nye kongeriket i Det gamle Egypt. Ekteparet fekk bygt ein heilt ny hovudstad (Akhetaten) for seg sjølv og tilbedarar av den eine skaparguden sin, Aton eller Aten. Far til Akhenaten hadde tilbedd Aten i lag med andre gudar i den polyteistiske religionen dei følgde. Etter at Akhenaten døydde forsvann denne trua på Aten som skaparguden, men trua blir rekna av nokre forskarar som eit av dei fyrste døma på monoteisme i historia.
Monolatrisme
Monolatristiske tradisjonar skil ein sekundær skapargud frå det grunngjevande, transcendente vesenet, identifisert som den første skaparen. Ifølgje Gaudiya Vaishnavas er Brahma den sekundære skaparen og ikkje den fyrste.[21]Vishnu er den primære skaparen. Ifølgje vaishnavaretninga skapte Vishnu det grunnleggjande universelle skalet og alt materialet, og plasserte levande vesen i den materielle verda med sin eigen sjølvstendige vilje. Brahma bruker materiala gjevne av Vishnu til å skapa det ein reknar med er planetar i Purana-terminologi, og han står for plasseringa av vesen på dei.[22]
Polyteisme
Innan polyteistiske skapingssoger blir verda ofte skapt på organisk vis, til dømes frå eit opphavsfrø, gjennom eit heilag ekteskap eller hieros gamos, gjennom samleie eller ein mirakuløs fødsel (nokre gonger jomfrufødsel), gjennom vald, som å drepa eit urmonster, eller på kunstig vis, skapt av ein guddommeleg demiurg eller «handverkar». Nore gonger kan ein gud vera innblanda i skapinga, anten medvite eller umedvite. Nokre døme er:
Frå Afrika sør for Sahara:
Mbombo frå bakuba-mytologi kasta opp verda etter å ha hatt vondt i magen
Ranginui, himmelfaren, og Papatūānuku, jord-mora i maorimytologi
Platonsk demiurg
Platon skildrar i dialogen sin Timaeus ei skapingsmyte som omfattar ein skapnad kalla demiurg (δημιουργός, 'handverkar'). Nyplatonismen og gnostisismen heldt fram og vidarutvikla dette konseptet. I nyplatonismen representerer demiurgen den andre årsaka eller dyad, etter monad. I gnostisk dualisme er demiurge ei uperfekt ånd og kanskje ein vond skapning som blir overgått av guddommeleg fullheit (Pleroma). Til skilnda frå den abrahamittiske Guden er Platon sin demiurg ikkje i stand til å skapa frå inkje, ex nihilo.
↑Girardot, Norman. Merriam-Webster's Encyclopedia of World Religions. s. 500. «Oankar corresponds to the Sanskrit term Om.....Guru Nanak, the founder of the Sikh tradition, wrote a long composition entitled "Oankar", in which he attributed the origin and sense of speech to the Divinity, who is thus the "Om Maker»