Sigbjørn Bernhoft Osa (3. mai 1910–2. februar 1990) var ein norsk musikar og statsstipendiat i folkemusikk, fødd i Ulvik i Hardanger og busett på Voss. Han var son til kunstmålaren Lars Osa og bror til journalisten Theodor Bernhoft Osa. Sigbjørn Bernhoft Osa spela både fiolin og hardingfele og var den mest kjende utøvaren på det sistnemnde instrumentet i det 20. hundreåret.[1]
Liv og virke
Osa vart fødd i Ulvik, men familien budde i nokre år i Valle i Setesdal før dei flytte til Voss.[1] Faren Lars Osa spela fele, og det viste seg snart at sonen hadde talent.[1] Bernhoft Osa flytte til Oslo for å få fiolinutdanning av Bjarne Brustad som 16-åring.[1] I 1920 til 1930 var han elev på ein orkesterskule i Bergen, og i 1931-32 fortsette han fiolinstudia sine i Berlin.[1] Læraren hans i Berlin var Sigfried Eberhart. Seinare studerte han også hjå Emil Telmányi i København, i 1952 og 1973.[2]
Osa vart med i Hardingfeletrioen med Alfred Maurstad og Eivind Groven i 1934.[2]
I 1937 debuterte Osa som fiolinist i Oslo.[1] Like etter andre verdskrigen vart han tilsett som fiolinist i det som skulle verta Kringkastingsorkesteret, og spelte også i fleire andre orkester.[1]
Etter kvart byrja Bernhoft Osa å satsa for fullt på hardingfele. Han gjorde ei rekkje innspelingar på grammofon både som solist og med orkester og heldt mange konsertar og turnear både i Noreg, Europa og USA. Som ein av dei første folkemusikarane i Noreg let han musikken sin få samklang med moderne musikalske uttrykksformer, som t.d. i samarbeidet sitt med popgruppa Saft frå Bergen.[1] Han hadde ei rekkje framføringar både i radio og fjernsyn, og var elles ein etterspurd foredragshaldar.
Osa hadde i ei årrekkje tillitsverv i Voss Spelemannslag og i Landslaget for spelemenn. Osa var initiativtakar til, og fyrste musikalske leiar for, Ole Bull Akademiet på Voss, som gjev undervisning i norsk folkemusikk.[1] Han vart elles utnemnd til æresborgar av staten Washington i 1968, fekk Norsk kulturråds ærespris i 1976, Spellemannsprisen sin heiderspris og Torkjell Haugerud-prisen med gullmedalje.[1]
Sigbjørn Bernhoft Osa var far til skodespelaren Liv Bernhoft Osa.[2]
Bøker av Bernhoft Osa
- Hardingfela (1952)
- Spelmannsliv (1979) i samarbeid med Jostein Mæland.
Kjelder
- ↑ 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 Aksdal, Bjørn (27. november 2024). «Sigbjørn Bernhoft Osa». Norsk biografisk leksikon (på norsk).
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Mjør, Kåre Johan; Allkunne (27. november 2024). «Sigbjørn Bernhoft Osa». Store norske leksikon (på norsk).