Shijak er ein by og ein kommune i regionen Durrës i Albania. Kommunen ligg nær kysten i den nordlege delen av landet og grensar i sør til regionen Tirana.
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Shijak vart slått saman med landkommunane Maminas, Xhafzotaj og Gjepalaj.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Shijak.
Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen Shijak 7 568 innbyggjarar, medan dei fire kommunane som i dag utgjer storkommunen Shijak, til saman hadde 27 861 innbyggjarar.[1]
Tidlegare administrativ inndeling
Fram til år 2000 var den dåverande bykommunen Shijak ein del av distriktet Durrës.[3] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Shijak.[2]
Referansar