Sha'ar HaGolan vart grunnlagd den 21. mars 1937 av medlemmar av Hashomer Hatzair ungdomsrørsle frå Tsjekkoslovakia og Polen. Grunnleggjarane møttest og vart organiserte som eit lag i 1930 i Rishon LeZion og vart kalla «Ein Hakore» fram til 1937, då dei oppretta kibbutzen som ei tårn og palisade-busetjing.
Utgravingar ved Sha'ar HaGolan har avdekt ein 8 000 år gammal landsby og ein har funne dei eldste keramikkgrytene som er funne i ISrael. Denne landsbyen frå yngre steinalder var busett av folk som gav opp ein nomadisk livsstil til fordel for permanent busetnad, og markerte ei endring frå jakt- og samling til jordbruk.[2]