Selenicë er ein by og ein kommune i regionen Vlorë i Albania. Kommunen ligg sør i landet og grensar i nord til regionen Fier, i aust til Gjirokastër.
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Selenicë vart slått saman med landkommunane Armen, Vllahinë, Kotë, Sevaster og Brataj.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Selenicë.
Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen 2 235 innbyggjarar, medan dei seks kommunane som i dag utgjer storkommunen Selenicë, til saman hadde 16 396 innbyggjarar.[1]
Tidlegare administrativ inndeling
Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Vlorë.[3] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Selenicë.[2]
Referansar