Seksfotingar (Hexapoda) er ei under-rekkje leddyr som vert kjenneteikna av å ha seks unirame bein. Gruppa vert tradisjonelt delt inn i to klassar etter korleis munndelane sit; insekta Insecta har munndelane på utsida av munnen, medan klassen Entognatha har dei på innsida. Insekta er den største grupperinga seksfotingar, med godt over ein million registrerte artar.
Bakgrunnsstoff