Til skilnad frå Nintendo sin svart/kvite Game Boy, hadde Game Gear fargebilete. Game Gear vart heldt horisontalt i handa, med LCD-skjermen mellom hendene, til skillnad frå Game Boy sitt vertikale design.
Game Gear var eigentleg ein portabel variant av Sega Master System men, hadde ein større fargepalett og kunne difor gje betre grafikk. Ein funksjon hjå Game Gear var ein TV Tuner Adapter som gjennom kassettuttaket gjorde det mogleg å sjå fjernsyn på LCD-skjermen.
Ettersom Game Gear og Sega Master System var så like kvarandre var det enkelt å konvertere spela til den portable spelemaskinan, noko som førte til at Game Gear fekk mange spel. Å konvertere Game Gear-spel til Master System var umogleg, grunna den utvida fargepaletten.