«See Me Feel Me/Listening To You» er ein del av songen «We're Not Gonna Take It» skriven av Pete Townshend frå The Who. Songen er avslutninga på rockeoperaen Tommy. «See Me Feel Me/Listening To You» vart spelt på Woodstock Festival i 1969. The Who spelte heile verket Tommy seint på natta og under denne finalen så steig sola opp over horisonten og skein på bandet på scenen. Dette er fanga på film i The Kids Are Alright og Woodstock. «See Me, Feel Me» vart gjeven ut som singel og nådde 12. plassen på singellista i USA.[1] I Storbritannia gjekk han ikkje inn på listene.
Bandet framførte denne songen under avslutningsseremonien til sommar-OL 2012 i London den 12. august 2012 i lag med «Baba O'Riley» og «My Generation».
Kjelder
|
---|
Britiske singlar 1960-åra | |
---|
Amerikanske singlar 1960-åra | |
---|
Britiske singlar 1970-åra | |
---|
Amerikanske singlar 1970-åra | |
---|
Britiske singlar 1980-åra | |
---|
Amerikanske singlar 1980-åra | |
---|
2000-åra | |
---|
2010-åra | |
---|