«Anyway, Anyhow, Anywhere» er ein song av det engelske rockebandet The Who, gjeven ut på singel i mai 1965.
Songen har ein call-and-response-tekst, som var vanleg for The Who på denne tida, og ein av dei første innspelingane med gitarfeedback. Songen er den einaste som er skriven av gitarist Pete Townshend og vokalist Roger Daltrey i lag. Ein meiner at gitarsolen er første soloen på plate nokon gong med gitarfeedback. Dette er den første Who-utgjevinga med Nicky Hopkins på piano.
Townshend sa om songen:
«
Eg skreiv det første verset og Roger hjelpte meg med resten. Eg var inspirert etter å ha lytta til Charlie Parker og kjende at dette verkeleg var ei fri sjel, og at uansett kva han gjorde med dop og sprit og alt anna, at spelinga sette han og sjela hans fri, og eg ønskte at me skulle vere slik, og eg ønskte å skrive ein song og om det, ein andeleg song.