Saskatchewan er den midtre av dei tre «prærieprovinsane» i Canada. Dei fleste innbyggjarane bur sør i provinsen. Den største byen er Saskatoon med 235 800 innbyggjarar i 2005, følgd av provinshovudstaden Regina (199 000 innbyggjarar i 2005).
Provinsen har fått namn etter elva Saskatchewan, eit creenamn som tyder 'raskt rennande elv (kisiskāciwani-sīpiy, i creealfabetet ᑭᓯᐢᑳᒋᐘᓂ ᓯᐱᐩ).[2]