José Santiago Cañizares Ruizfødd 18. desember1969 er ein spansk tidlegare fotballspelar frå Madrid. Han var målvakt på Valencia CF frå 1998 til 2007, ein klubb som i 2004 sigra i UEFA-cupen.
Klubbspel
Cañizares gjorte teneste i Celta Vigo frå 1922 til -94. Dei neste fire åra var han Real Madrid-spelar, utan han makta spele seg til fast plass på førstelaget. I 1998 fekk han kontrakt med Valencia CF og vakta målet for laget fram til 2007. Med Valencia deltok han i to tapte meisterligafinalar, 2000 og 2001. Både i 2002 og 2004 var han med å sikre laget ligameister-tittelen i Spania. Våren 2004 vann han også UEFA-cupen då Valencia slo Olympique Marseille 2-0 i finalen i Göteborg.
Cañizares spelte 44 landskampar for Spania over ein 13-årsperiode frå 1993 til 2006. I dei store meisterskapane var han oftast andreval, så han vakta målburet i berre fire kampar i dei store landslagsturneringane. I Fotball-VM 1994 deltok han i ein kamp, under EM 2000 i tre kampar. Det var i denne turneringa han missa på ei utrusing og Steffen Iversen nikka inn den einaste skåringa då Noreg vann 1–0 over Spania. Cañizares var benkeslitar i EM 1996, VM 1998, EM 2004 og VM 2006. På 1990-talet var Andoni Zubizarreta klart fyrsteval på målplassen, sidan fekk Iker Casillas same posisjon etter tusenårsskiftet.