Santander er ein hamneby og hovudstaden i den autonome regionenCantabria på nordkysten av Spania mellom Asturias i vest og Baskarland i aust. Byen har kring 180 000 innbyggjarar, om lag ein tredjedel av innbyggjarane i Cantabria.
Historie
Under Romarriket var byen kjend som Portus Victoriae Iuliobrigensium. Det noverande namnet kjem frå St. Emeterio (Santemter, Santenter, Santander), ein martyr som i følgje ei segn fekk hovudet avhogd og ført hit på 200-talet, i lag med hovudet til St. Celedonio.[1]
I 1187 gjorde kong Alfonso VIIIabbeden av San Emeterio til herre i byen og i 1248 deltok Santander i slaget om Sevilla. Som løn for dette fekk byen byvåpen.
I 1894 gjekk frakteskipet «Cabo Machichaco» i lufta ved hamna og 500 menneske miste livet.
Tidleg på 1900-talet vart Santander ein populær sommarferiestad for kong Alfonso XIII, som bygde Palacio de la Magdalena som residens for kongefamilien. Byen vart populær på grunn av dette og ein viktoriansk entusiasme for bading i havet. Han er framleis ein populær feriestad.
Storbrannen i 1941
Santander vart råka av ein storbrann i 1941. På grunn av kraftig sønnavind varte brannen i to dagar. Berre ein mann miste livet, ein brannmann i teneste, men tusenvis av familiar vart heimlause og byen glei inn i kaos.
Då det heile var over var den historiske delen av Santander nesten heilt øydelagd. Brannen øydela det meste av mellomalderbydelen og utsletta den romanske katedralen.