Sandøya er ei øy på Skagerrakkysten i Tvedestrand kommune i Aust-Agder i Agder fylke. Ho er ei skogkledd øy med eit areal på 3,8 km². Sandøya har butikk, barnehage, skule, gjestehus i det gamle bedehuset, båtbyggeri, keramikkverkstad og arkitektkontor.
Øya har ferjesamband frå Sandøykilen, Lyngør, Gjeving brygge og Hagefjorden. Sandøyfjorden ligg på nordsida av øya og på vestsida ligg Hagefjorden.