Salsk (russisk Сальск) er ein by i Rostov oblast i Russland med om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Srednij Jegorlyk, ei sideelv til Manytsj, rundt 160 km søraust for Rostov-na-Donu.
Han vart grunnlagt i 1830 som Torgovaja (russisk Торго́вая) og i 1899 opna ein jernbanestasjon her. Han fekk bystatus og det noverande namnet sitt i 1926.