Fylket er prega av administrasjonssenteret Montego Bay, som er den andre største byen på øya etter Kingston.
Byen ligg i ei bukt som er verna mot handelsvindane av låge åsar. Han er eit viktig senter for turistindustrien, med Sangster internasjonale lufthamn nord for byen. Det ligg mange større hotell langs kysten.[2]
Montego Bay og området rundt har lenge hatt eit problem med kriminalitet. 18. januar 2018 blei det erklært unntakstilstand i St James,[3]
etter ein kraftig valdsauke. St James hadde då ein dobbelt så høg mordrate som andre parish på Jamaica.[4]
Andre større busetjingar er Cambridge, Adelphi, Montpelier og Catadupa. Det blir dyrka sukker, banan og kaffi her.[2]