Fram til den franske revolusjonen i 1789 hadde byen vore ein kongeleg by og Château de Saint-Germain var residens for fleire franske monarkar. Det gamle slottet vart bygd i 1348 av Kong Karl V på grunnmuren til eit gamal slott (château-fort) frå 1238. I 1862 oppretta Napoleon IIIMusée des Antiquités Nationales i det tidlegare kongelege slottet. Museumet har utstillingar frå steinalderen til den keltiske perioden. «Dame de Brassempouy» laga av støttanna til ein mammut for rundt 23 000 år sidan er den mest kjende gjenstanden i museumet.
Saint-Germain-en-Laye er kjend for den 2,4 km lang steinterrasen bygd av André Le Nôtre frå 1669 til 1673. Terrasen gjev utsyn over dalen og Seinen, og Paris i horisonten.