Saginaw er ei elv på 22,4 miles (36,0 km[1] i den amerikanske delstaten Michigan. Ho byrjar ved samløpet til Tittabawassee og Shiawassee sørvest for byen Saginaw. Ho renn nord inn i Saginaw-bukta av Huronsjøen og så gjennom byane Saginaw og Bay City, som begge utvikla seg rundt elva på 1800-talet. Nedslagsfeltet til Saginaw er 8 595 kvadratmile (22 260 km2).[2] Ved munningen strøymer det gjennomsnittleg 4,827 kubikkfot per sekund (0,1367 m3/s) vatn.[3]
Elva er ei viktig transportåre for midtre Michigan, og er ei av dei få innlandselvane i Michigan som kan nyttast av fartøy.
Historie
Saginaw-elva blei brukt til fiske og som transportveg med kano av innfødde folkeslag før den europeiske koloniseringa. Frå 1700-talet møtte pelshandlarar og fangstfolk kvarande ved ein post ved munningen av elva, eller reiste opp elva og bielvane hennar for å handla med ojibwe-stammene i regionen med europeisk- og amerikansk-produserte varer.
Etterkvart som det utvikla seg byar langs elva, blei det lettare å reiser lenger inn i landet. Det blei også starta sagverk og seinare fabrikkar. Det fyrste fyret ved elvastod ferdig i 1841, og det blei bygd eit par fyr i 1876 som blei elektrifiserte i 1915. Saginaw River Rear Range Light blei oppført på National Register of Historic Places i 1984.
På slutten av 1800-talet frakta dampskip som «Wellington R. Burt» passasjerar mellom dei store byane Saginaw og Bay City, og til andre hamner langs dei store sjøane. Saginaw-elva har halde fram med å vera ein viktig transportveg der ein frakter varer inn og ut av regionen. Ifølge Saginaw Future blei det frakta 4,6 millionar tonn på elva kvart år.[4]
Det blei også utvikla annan industri, med store verksemder grunnlagt av både General Motors og Dow Chemical Company på stader langs elva frå byrjinga av 1900-talet. Dette skapte mange industrielle arbeidsplassar i området, men mange av desse er gått tapt etter at selskapa har gått gjennom omstrukturering. Nye industriar i regionen har vore avansert produksjon som Nexteer, medisinsk teknologi, profesjonelle tenester, fornybar energi og jordbruksindustri.[4]
Rekreasjon
Gjennom fleire tiår har ein tatt tilbake Saginaw-elva til rekreasjonsbruk, og byane har prøvd å utvikla nye band mellom elva og innbyggjarane. Ein tre mile lang RiverWalk som er tilpassa gåing og sykling blei bygd langs elva i sentrum av Saginaw og Bay City. Saginaw Bay Yacht Club, som blei grunnlagd etablert i 1894, ligg nær munningen av Saginaw-elva og held regelmessige kappseglingar og tilhøyrande arrangement. Elva er òg populær for motorbåtar.
Sportfiskarar er aktive her, og mange tek tel i den årlege isfiskefestivalen Shiver on the River. Kvar vinter blir det fiska store fiskar gjennom hol i elveisen. Tidleg om våren er ein annan fiskesesong.
Hundrevis av tilskodarar kjem til elvebreiddene for å ta del i festivalar som River Roar speedboat races,[5] Tall Ship Celebrations[6] og to av dei største fyrverkeritilstellingane i Midtvesten.[7] I 2012 blei det største fyrverkeriet i Michigan nokon sinne vist over Saginawelva i Bay City, med 50.000 mortarar, og varte 50 minuttar. Det markerte femtiårsdagen til Bay City Fireworks Festival.[8]
Reinseprosjekt
Regionen rundt Saginaw-elva og Saginaw Bay omfattar det største samanhengande ferskvass- og kystområdet av våtmark i Amerika.[9] På grunn av industrialisering og folkevekst sidan 1800-talet har Saginaw-elva og nedslagsfeltet hennar blitt ureina med ulike typar avløp som er sloppe ut i elva og bielvane hennar. Siden 1970-talet er det vedteke føderale og statlege for å regulera avløp og skipa førebyggingsprogram. Historisk har Dow Chemical Company, med eit anlegg i Midland; General Motors, og byane Bay City og Saginaw bidrege til å sleppa ut dioksin i Saginaw-elva.[10]
23. januar 2010 blei Environmental Protection Agency i USA og Dow Chemical einige om ein administrativ avtale om mellombelse kontrolltiltak, betaling for ein del føderalt arbeid og reinsking av jordsmonn i områda kring Saginawelva, Tittabawassee og Saginaw Bay.[11]