Aust i kommunen finn ein for det meste småkupert kystslette, medan terrenget i vest er høgare. Elva Ljusnan renn gjennom kommunen fra vest til aust, og dannar innsjøane Bergviken og Marmen. Kystlinja er innskoren, og utanfor kysten ligg det mange øyar. Næringslivet i Söderhamns kommun er dominert av tre- og treforedlingsindustri, i tillegg til kjemisk og elektroteknisk industri.
Administrativ historikk
Ved kommunereforma i 1952 vart storkommunaneNorrala (av Norrala og Trönö) og Söderala (av Mo og Söderala) oppretta. Det vart ikkje gjort endringar i Söderhamns stad og Skogs landskommun. I 1971 vart Söderhamns kommun oppretta gjennom samanslåing av byen, Norrala og Söderala, samt forsamlinga Skog frå Skogs kommun.
Kommunevåpenet
Blasonering: På eit skjold med bakgrunn av sølv, eit raudt pinasskip med to krosslagde gevær i same farge ovanfor.[1]
Våpenet til Söderhamns kommun vart fastsett av kongen for den dåverande Söderhamns stad i 1927 og går tilbake til eit segl frå privilegiebrevet frå byen (1620). Ved kommuneopprettinga hadde også Norrala og Söderala våpen. Men det var byvåpenet som vart registrert for den nye kommunen i Patent- och registreringsverket i 1974.