Sävsjö kommune ligg i det svenske länet Jönköpings län. Administrasjonssenter i kommunen er Sävsjö.
Sävsjö voks fram som stasjonsby etter utbygginga av Södra stambanan i 1864. Kvinnehandballaget i kommunen vann seks strake SM i sesongane 1993/94–98/99, men fall ut av eliteserien frå 2002/03. Herregarden Ekesjö er kjend tilbake til 1287.
Sävsjö kommune har fire tettstader. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.