Rådhusplassen i Oslo er ein stor plass som ligg mellom Oslo rådhus og bryggene inst i Pipervika, ei vik i Indre Oslofjord. Men Rådhuset på nordsida av Rådhusplassen har ikkje hovudinngangen frå denne plassen, men frå Fridtjof Nansens plass på nordsida av rådhuset.
Som ein del av den kunstneriske utsmykkinga av Rådhuset er det på Rådhusplassen skulpturar og springvatn.
I 1998 vart ein part av Rådhusplassen mot Kontraskjæret i aust gjeve namnet Rolf Strangers plass etter Rolf Stranger, og ein part heilt i vest gjeve namnet Brynjulf Bulls plass etter Brynjulf Bull. Båe hadde vore ordførarar i Oslo i lange periodar for kvart sitt politiske parti, Høgre og Arbeidarpartiet.