I 1988 vart Sjernarøy og sokna i Hjelmeland kommune flytt til Hetland prosti, men til gjengjeld vart Tysvær og Bokn kommunar tilførte frå Karmsund prosti. Året etter vart namnet endra til Nordre Ryfylke prosti, samstundes som Hetland prosti skifta namn til Søre Ryfylke
I 2013 vart Nordre Ryfylke og Søre Ryfylke slegne saman, og namnet Ryfylke prosti vart teke opp att. Vindafjord kommune følgde ikkje med, men gjekk til Haugesund (Haugaland) prosti, og med det fekk Ryfylke prosti dei noverande grensene.
I 2020 vart Forsand ein del av Sandnes kommune, og soknet vart overført til Sandnes prosti.