Ryan Reef er eit isolert rev som ligg utanfor nordkysten av Sør-Georgia, 900 meter nord for austenden av Doris Bay. Revet finst på eit kart basert på landmålingane til mannskapet på Discovery Investigations i perioden 1925-31, men kan ha vorte kartlagd tidlegare. Det vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC), etter ei kartlegging av South Georgia Survey, 1951–52, etter Alfredo R.L. Ryan, president av Compania Argentina de Pesca, som opererte kvalstasjonen i Grytviken i Sør-Georgia.
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Ryan Reef» (innhald frå Geographic Names Information System).