Ross Pass er eit lite, men veldefinert pass mellom søraustenden av Allardyce Range og nordvestenden av Salvesen Range på Sør-Georgia. Fjellpasset er 610 meter over havet og gjer det mogeleg å køyre hundeslede mellom Rossbreen og Broggerbreen. Det vart først kartlagd i 1882-83 av den tyske gruppa under Det internasjonale polaråret som kalla det «Gletscher-Joch». Namnet Ross Pass kjem frå plasseringa nær Rossbreen og vart gjeve av South Georgia Survey etter kartlegginga deira i 1951-52.
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Ross Pass» (innhald frå Geographic Names Information System).