Rolf Losnegård (fødd 28. januar1946) er ein norsk forfattar, dramatikar og dramaturg. Det årlege Kinnaspelet på øya Kinn utanfor Florø og skodespelet Herr Kurz og damene er eit par av produksjonane til Losnegård.
Rolf Losnegård har skrive over 20 skodespel for teater omkring i Noreg, arbeidd med drama i NRK og som dramaturg ved fleire teater, og vore leiar i Dramatikerforbundet.[1] Han har også sett om drama og forteljingar til norsk, og gitt ut romanar og noveller. Gaularspelet og Dragseidspelet er to historiske drama frå handa til Losnegård.
1994 – I ramnens skugge (Florø: Kinn forlag) I fulltekst ved nb.no [Tekst faktadel: Bjarte Sindre]
1995 – Femti devla i sekken : segner, legender, eventyr, viser, historier frå Sogn og Fjordane : trollskap og møye, viltert og løye, for gamal og ung (Førde: Sogn og Fjordane teater) I fulltekst ved nb.no
1984 – Havet og mennesket : noveller frå Sogn og Fjordane (Førde: Sogn og Fjordane magasin) I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Han som kjem inn frå havet / Rolf Losnegård, s. 8-13]
1987 – Landet på den andre sida (Larvik: Norsk barneblad) I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Eventyret om den forferdelege BokOrmen / Rolf Losnegård, s. 31-37]
1998 – Sceneskift : 33 scener fra ny norsk dramatikk : en antologi til Dramatikerforbundets 60-års jubileum (Oslo: Solum forlag) I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Femti devla i sekken / Rolf Losnegård, s. 167-174]
2017 – Gilgamesh : kongen som nekta å døy (Førde: Selja forlag) [Gjendikta av: Rolf Losnegård, omsett til engelsk av Jeff Pedersen og til arabisk av Moayad Khalil. Illustrert av Fredrik Rysjedal]