Ringen til Gyges er ein mytologisk artefakt nemnd av filosofen Platon, i den andre boka av Staten (2.359a–2.360d). Ringen lot eigaren gjera seg sjølv usynleg ved å vri ringen slik at innfatninga kom på innsida av handa. Gyges finn ringen og ved hjelp av han forfører han først dronninga og drep deretter kongen (i samråd med dronninga) og tar til seg kongemakta. Det er bror til Platon, Glaukon, som fortel historia, og gjennom denne diskuterer Sokrates og og Glaukon i Staten om det er mogleg for eit rettvist menneske som finn ein slik ring å ikkje gjera urett.
Seinare forteljingar som har vorte inspirert av tankeeksperimentet inkluderer Den usynlige mannen av H.G. Wells,[1] og Ringdrotten av J.R.R. Tolkien..[2]
Kjelder