Rikdom

Karikatur av rikmannen John D. Rockefeller frå 1901.

Rikdom er eit økonomisk omgrep som blir brukt om eit overskot av verdiar. Overskotet kan tilhøyra samfunnet, det kan tilhøyra ein klan, ein familie eller ei verksemd, eller det kan vera samla hjå ein enkeltperson i form av privat eigedom.

Rikdommen blei særleg synleg då ein fekk innført pengeøkonomi. Frå dette tidspunktet blei det nemleg muleg at langtidssikre sin rikdom ved å omveksla han til pengen (laga av edelmetall eller andre haldbare materiale).

Ettersom rikdom gjev status og innverknad i samfunnet, har det tidlegare blitt stilt saman med andre, mindre openberre former for overskot: rikdom på fysisk styrke, venleik, godheit, visdom, ære, velferd osb. Det har ført til at ordet blir brukt like ofte for desse andre formene for overskot som det er brukt for økonomisk velstand.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Rikdom